Jump to content

The Seraphim Søkjer Skandinaviske Spelarar!


1 reply to this topic

#1 Garegaupa

    Member

  • PipPipPipPipPipPip
  • Survivor
  • Survivor
  • 208 posts

Posted 12 June 2014 - 10:04 AM

Posted Image

Hei, folkens!

Gruppa som eg er ein del av her i Mechwarrior Online, The Seraphim, ynskjer å få inn fleire europeiske spelarar, og sidan eg er norsk så har leiinga bede meg om å drive litt reklame i den skandinaviske delen av forumet! :)

The Seraphim er ei gruppe som er basert på eit kristent grunnsyn, men lat ikkje det skremme vekk dykk som ikkje er personleg kristne! Me har medlemer som er ateistar, agnostikarar, eller som tilhøyrer andre religionar. Einaste kravet for å verte medlem er at ein kan stille seg bak gruppa sine etiske retningsliner (som stort sett går på at bannskap, "trolling" og grovt språk ikkje skal førekome i gruppa sitt forum, TeamSpeak-serveren vår eller under speling generelt). Målet til The Seraphim er å vere ei familievenleg gruppe der ein kan sleppe mykje av den utrivelege tonen ein ofte finn i online-spel.

Me har alt frå svært seriøse spelarar som trenar mykje og ynskjer å kjempe heilt i teten til meir avslappa spelarar som berre spelar for moro (slik som meg).

For dei som er interesserte i å finne ut meir om oss, gå inn på nettsidene våre: http://www.seekhim.com/

Der er òg ein eigen tråd for The Seraphim her på forumet: http://mwomercs.com/...rofanity-guild/

Elles så er det berre å poste i denne tråden, sende meg ein PM her på forumet eller leggje meg til i venelista inne i Mechwarrior Online viss de har nokon spørsmål! :)

Ha ein fin dag vidare!

Edited by Garegaupa, 09 April 2015 - 05:14 AM.


#2 Reven

    Member

  • PipPip
  • The Raider
  • The Raider
  • 33 posts

Posted 06 December 2014 - 04:00 AM

Bump...





1 user(s) are reading this topic

0 members, 1 guests, 0 anonymous users